Sluk ein serie

av Anna Sunniva Sørbø.

Bokseriane omringar oss på alle kantar. I bokhandelen står En pingles dagbok og ventar på deg, i biblioteket møter du Bjørn Sortland sine kunstdetektivar, og det skal godt gjerast å gå på kino utan å treffe på Katniss frå Dødslekene eller kanskje Karsten og Petra står på lur? Skal vi uroe oss over at marknaden fyllast med seriar av variabel kvalitet? Eller har denne litteraturen noko som vi skal ta i mot og gle oss over? 

Seriar i vinden

Heilt frå peikebøkene for dei yngste og opp til dei vaksnaste av ungdomsbøkene ser vi eit klart trekk i bokmarknaden: det blir gitt ut mykje seriar. Serielitteratur er langt i frå eit nytt fenomen, men vi har sett ei klar stigning i talet på seriebøker dei siste åra. Ein gjennomgang av fem forlag sine nye titlar viste at talet på serietitlar steig frå 52% i 2004 til 62% i 2012.[1] Seriebøker er ofte det første ein ser utstilt i bokhandlane, og dei ligg høgt på utlånsstatistikken til biblioteka.

Einsretting

Ei openbar uro i denne samanheng er at ein ser ei einsretting av bokmarknaden. Bestseljande seriar tek så stort fokus, spesielt i bokhandlane, at det kan vere vanskeleg å få auge på noko anna. Og når ein kommersiell suksess har dukka opp, så tek det ikkje lang tid før det kjem fleire seriar som liknar. Etter braksuksessen med Dødslekene kom forlaga raskt ut med liknande seriar som Divergent og I dødens labyrint, som også har gjort det svært bra. Også for dei yngre målgruppene ser vi at det blir satsa stort på seriar som Karsten og Petra, Doktor Proktor og Albert Åberg, for å nemne nokre. Og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at andre bøker kan slite med å kome igjennom i ein slik marknad.

 

Bokslukaren

Kanskje er der altså grunnar til å uroe seg. Men der er også eit positivt aspekt ved serielitteraturen som eg trur det er viktig å merke seg: den er ofte slukbar. Unge lesarar kjem gjerne til eit punkt der dei har potensiale til å bli bokslukarar, og då treng dei passande kost. Her kjem seriane inn.

Eg hugsar godt då eg sjølv var ein bokslukande 10-12-åring. Eg hadde byrja å gå på biblioteket aleine, etter skulen. Ein gong i veka kom eg, styrte rett mot den velkjende hylla. Auga søkte seg fram til rekka med Lexi-bøker, og fann raskt den neste på lista. Kanskje dei to neste. For desse bøkene kom eg fort igjennom.

Rettar eg litteraturvitarblikket mitt mot denne litteraturen, så trur eg neppe han består kvalitetsprøva. Og det gjer nok ikkje alle seriane som blir publisert i dag heller. Men eg fann ein serie som fenga, og det gav meg noko heilt vesentleg – leselyst.

Det er sjølvsagt ikkje berre seriar som har denne effekten, men eg trur der er aspekt ved serielitteratur som egnar seg veldig godt for dei nyfrelste lesarane. «Når barn/ungdom har lest ei bok de liker vil de lese den en gang til – eller en variasjon av den. Slik var det med meg også. Jeg ville altså kjenne igjen, men ikke ha det samme», skriv forfattar Widar Aspeli.[2] Og då er jo serielitteraturen perfekt. Den gir deg meir av det same, men ikkje heilt det same. Seriar gir sjansen til å hive seg vidare, utan at ein må setje seg inn i noko heilt nytt. Og på denne måten blir serielitteraturen eit fantastisk verkemiddel for å oppmuntre og forsterke leselysta.

 Vegen eller målet?

Alle bokelskarar og formidlarar kan bli frustrerte over serielitteraturens altoppslukande fokus. Der er jo så mange gode bøker som aldri blir sett! Men i denne frustrasjonen trur eg vi har godt av å minne oss sjølv på at også serielitteratur, god eller mindre god, har sin verdi. Ved å oppmuntre til leselyst kan Greg frå En pingles dagbok eller Katniss frå Dødslekene skape det vi alle vil sjå – entusiastiske lesarar. Lesarar som les seg vidare oppover og inn i vaksenlitteraturen. «Serielitteratur er veien, ikke nødvendigvis målet», skriv Aspeli. Og om serielitteratur er vegen til leselyst, då skal vi bruke han for alt han er verdt.

 

Les mer om nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge.

[1] Larsen, Dag. «Serielitteratur og bokmarked». Lasta ned frå NBI si læringsplattform.

[2] Aspeli, Widar. (2013). «Om å omgå det gjenkjennbare». Lasta ned 12.2.16.

http://utstillinger.barnebokinstituttet.no/serielitteratur-om-a-omga-det-gjenkjennbare/